Sjå filmen der Dag Ove Pettersen, country manager i Hydro Building Systems, fortel om smarte glass som både gir solskjerming og strømproduksjon.

Holvik Glas levere dei omtalte glasa til Billingstadsletta – med smarte solcelle glass.

Ei spennande utvikling som er framtidsretta.


Kontorbygget Billingstadsletta 19 i Asker kommune skal rehabiliteres, og vi i Holvik Glas skal levere Wiconafasade og -takkonstruksjon med semitransparente solceller i glaset.

– Stor betydning for utviklingen nasjonalt, seier Bjørn Glenn Hansen i Glass og Fasadeforeningen.

Dei semitransparente solcellene er innovative og har to funksjoner i bygget:

  • Straumproduksjonen er estimert til  7 – 8.000 kilowatt timar per år.
  • Ein sparar store beløp i solskjerming på ein utsett fasade.

Frå Førde til Asker

Vi i Holvik Glas AS er ein av landets største Wicona-byggarar og dette vil gje oss nyttige erfaringar.

Les artikkelen om dei innovative løysingane i Glass og Fasadeforeningen sitt magasin

 

Vi ønskjer ungdommane velkommen inn i ein spennande bransje. Er du ute etter eit lærerikt og utfordrande fag, eller kjenner nokon som du trur dette vil passe for?

Les annonsa vår her og ta kontakt:
Glasfaget er eit særløp og læretida hos oss er på 3 år. Vi tilbyr då ei opplæring i bedrifta samt ein teori del som Glasfagsenteret bistår oss med. Her vert alle lærlingane i landet samla til fagelg påfyll og opplæring innan den glastekniske delen som du treng for å kunne bestå fagprøva ved endt læretid.
Om stillingen:
I læretida vil du få kjennskap til glasskjæring på vår verkstad, produksjon av aluminiums dører, vindu og fasader og tak, montering samt service arbeid rundt om Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

Vi ser etter deg som:
• er kreativ og løysingsorientert,
• serviceinnstilt og fleksibel
• fullført VG1 og VG2 Bygg og anleggteknikk.
• eller fullført VG1 og VG2 Teknikk og Industriell Produksjon.

Vi kan tilby:
• Gode og strukturerte arbeidsvilkår.
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• Trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
• Gode lønsvilkår
• God støtte og opplæring i oppstartsfasen

Send oss din CV og ta gjerne ein uforpliktande prat om ønskjeleg.

For ytterlegare informasjon, kontakt dagleg leiar Bjørn Holvik.

Tlf. 90 92 55 76 / bjorn@holvik.as

Det nye hjartet for dei reisande på Voss, eller det store knutepunktet – kjært barn har mange namn. Uansett så er ei stor ombygging av Voss sentrum på veg med Voss Terminal – med ein prislapp på 46 millionar kroner. Backe Bergen AS er entreprenør for 1. byggesteg som no er i gong, og vi i Holvik Glas har produsert og montert fasadar, automatiske dører og tak-kupler med spesialglass. Les meir om den spennande utbygginga på Voss i Avisa Hordaland.

I byggesteg 1 av Voss Terminal har Holvik Glas produsert og montert:

  • Wicona Wictek fasade 50 og Wicstile evo 65 automatik dører
  • Aluminiumsprofilar lakkert i Ral 7016
  • 2 lags energi glass i fasade med personsikkerheitsglass
  • Tak-kupler av spesialglass dimensjonert som golv-glass frå CG- Glass

 

 

Vi i Glasmeister John Holvik AS har nyleg gjennomført ein stor jobb på det nye Vossabadet. Entreprenør Constructa AS har hatt totalentreprisen på det nye og moderne badeanlegget, og vi takkar dei for oppdraget med glasfasadar, dører og innvendig glasvegg.

Holvik Glas har produsert og montert:

  • Fasadar frå Wicona Wictek 50 med 3lags energiglass. Aluminiumsprofiler er lakkert i Ral 7022.
  • Wicona evo 65 dører
  • Innvendig glassvegg i Brannklasse EI 30 med Wicona wicstyle 77 FP.

 

Gloppen ungdomsskule har fått eit skikkeleg ansiktsløft med den nye utbygginga og flotte glasfasader, som var ferdigstilt hausten 2016. Det er Veidekke som har hatt hovudentreprisen, og vi i Holvik Glas har gjort jobben med glastak, fasadar og  dører.

Gloppen kommune har satsa på eit spennande bygg, med eit spenstig arkitektur – der glasfasadar spelar ei viktig rolle.

Holvik Glas har levert:

  • Glasstak og fasader i Wicona Wictec 50, lakkert i RAL 7022.
  • Dører i Wicona Wicstyl 65 evo, lakkert i samme farge.
  • Glass i isolert tak  CN6 51/26 – 15ar – 8.76
  • Glass i fasader 2-lags super energi.
  • Glass i uisolert tak/letak  10.76
  • Innvendige dører i Wicona Wicstyle 77 Fp

 

I desember 2016 hadde fagportalen GLASSPORTALEN.NO ein artikkel om firmaet vårt og om Connie Holvik som er komen heim for å bli «glasmeister som Besten»

Les artikkelen i glassportalen.no

Foto: Glass og Fasadeforeningen

Fire tilsette ved John Holvik AS er tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vels Medalje for lang og tru teneste.

Marie Jofrid Vik, Magnar Tefre, Jonny Håland og Magne Ove Tonning mottok heideren på ei tilstelling for alle tilsette den 15. august 2014.

Medaljørane har alle vore lojale og ansvarsfulle medarbeidarar, og har på ein framifrå måte ivaretatt sine arbeidsområde. Dei har alle bidratt til å skape eit godt og positivt samarbeid over mange år.

John Holvik AS driv produksjon og montering av alumimniumsfasadar, vindauge og dører, samt tradisjonell glasmeisterverksemd. Verksemda, som i dag har 30 tilsette, vart etablert av glasmeister John Holvik i 1967.

29 år gamal står Connie Holvik klar til å overta sjefsstolen i ein mannsdominert bransje. Trass ein dysleksi så tung at ho må lese tekstane baklengs for å forstå dei, tok ho høgare utdanning enn far sin. I feriane avreagerer ho med pudderkjøring i Alpane og råsterke bilar – i god, gamal Holvik-stil. Det vil seie i 250 km/t.

– Då eg lærte å snakke, var det ikkje lenge før eg sa at «Eg skal bli glasmeister, slik som Besten», ler Connie Holvik.

Og det vart ho. Med tid og stunder skal 29-åringen ta over ei bedrift med 60 millionar i omsetting. Men ho har ikkje komme lett til det.

– Eg har alltid ville jobbe med det her. Eg hugsar godt første gang eg var med Besten ut og skifta vindauge i eit hus. Han leste opp lastebilen med ruter, og så sette vi oss i bilen og køyrde. Oppe i Askvollkrysset hugsar eg at eg tenkte: «Dette skal eg gjere. Dette skal bli livet mitt. Køyre rundt og skifte ruter, det skal jammen bli kjekt!». Eg var vel tolv år, kanskje fjorten? Eg veit ikkje. Eg var jo der heile tida, heile vegen.

Les artikkel i Firda 13. januar 2017 om Connie og resten av familien Holvik (krev innlogging)

Foto: FIRDA 13.1.2017