Jubilantar hos Glasmeister John Holvik

Fire tilsette ved John Holvik AS er tildelt Det Kongelige Selskap for Norges Vels Medalje for lang og tru teneste.

Marie Jofrid Vik, Magnar Tefre, Jonny Håland og Magne Ove Tonning mottok heideren på ei tilstelling for alle tilsette den 15. august 2014.

Medaljørane har alle vore lojale og ansvarsfulle medarbeidarar, og har på ein framifrå måte ivaretatt sine arbeidsområde. Dei har alle bidratt til å skape eit godt og positivt samarbeid over mange år.

John Holvik AS driv produksjon og montering av alumimniumsfasadar, vindauge og dører, samt tradisjonell glasmeisterverksemd. Verksemda, som i dag har 30 tilsette, vart etablert av glasmeister John Holvik i 1967.