Holvik Glas 50 år

Vi ønskjer ungdommane velkommen inn i ein spennande bransje. Er du ute etter eit lærerikt og utfordrande fag, eller kjenner nokon som du trur dette vil passe for?

Les annonsa vår her og ta kontakt:
Glasfaget er eit særløp og læretida hos oss er på 3 år. Vi tilbyr då ei opplæring i bedrifta samt ein teori del som Glasfagsenteret bistår oss med. Her vert alle lærlingane i landet samla til fagelg påfyll og opplæring innan den glastekniske delen som du treng for å kunne bestå fagprøva ved endt læretid.
Om stillingen:
I læretida vil du få kjennskap til glasskjæring på vår verkstad, produksjon av aluminiums dører, vindu og fasader og tak, montering samt service arbeid rundt om Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland.

Vi ser etter deg som:
• er kreativ og løysingsorientert,
• serviceinnstilt og fleksibel
• fullført VG1 og VG2 Bygg og anleggteknikk.
• eller fullført VG1 og VG2 Teknikk og Industriell Produksjon.

Vi kan tilby:
• Gode og strukturerte arbeidsvilkår.
• Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• Trivsel og eit godt arbeidsmiljø.
• Gode lønsvilkår
• God støtte og opplæring i oppstartsfasen

Send oss din CV og ta gjerne ein uforpliktande prat om ønskjeleg.

For ytterlegare informasjon, kontakt dagleg leiar Bjørn Holvik.

Tlf. 90 92 55 76 / bjorn@holvik.as